Oct 8, 2016

Er statministeren uvitande om TiSA og andre handelsavtalar?



Dette er et innlegg av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten.


Statsministeren vil spesialbehandle norsk næringsliv - stikk i strid med hovedprinsippa i handelsavtalar som Norge har inngått og som vi er på veg inn i (TiSA)

Som ledd i ein tidleg start på valkampen for det komande stortingsvalet, kom regjeringa nettopp med ein budsjettlekkasje om at den vil framskunde bygginga av nye kystvaktskip. Vi kan lese dette på NRK sine nettsider om kvar regjeringa vil at desse skipa skal byggast:

"– Dette skal gå til norske verft, fordi vi trenger den maritime kompetansen på skip til marinen i Norge også", sier statsminister Erna Solberg (H).

Dette utsagnet frå statsministeren kan tyde på at ho ikkje er særleg godt informert verken om konsekvensane av TiSA-avtalen som Norge no forhandlar om, eller om dei forpliktingane ma EØS-avtalen inneber. Det ville vere tilrådeleg at både statministeren og finansministeren fekk ei lita innføring frå UD sine TiSA-forhandlarar om kva "national treatment" i for eks TiSA-avtalen kan få å seie. For eksempel om den favoriseringa av norske verft som dei her foreslår vil vere i samsvar med TiSA-avtalen som regjeringa vil ha oss inn i...

Om TiSA-avtalen står det for eks: "National Treatment commitments will be scheduled on a ‘negative list’ basis:  for any area where a party does not commit to apply full National Treatment, a reservation must be listed in the National Treatment column; any limitation on National Treatment that is not listed cannot be maintained; "

National treatment-regelen tilseier altså at utanlandske bedrifter skal ha den same tilgongen på nasjonale marknader som dei nasjonale, dersom uttrykkelege reservasjonar ikkje er opplista.

Når statsministeren grunngir intensjonen om å gi byggeoppdraga av kystvaktskipa til norske verft med at Norge treng slik kompetanse, så vil dette på ingen måte vere ei akseptert grunngjeving verken overfor TiSA slik den framstår, eller overfor EØS. Det er nettopp slike argument for å verne dei ulike landa sine nasjonale næringsliv, som desse avtalane er til for å hindre. Høyrt om frikonkurranse, eller??

Når Norge for eit par ti-år sidan måtte bygge fregattar til marinen i Spania pga EØS-avtalen, trass i at det då også var tome ordrebøker for norske verft, er det heller ikkje grunn til å stole på at eit forsvarsrelatert argument denne gongen skal halde når nokre kystvaktskip skal byggast.

Vi risikerer at dette utspelet frå regjeringa vil fungere godt som valgflesk, med at realiteten blir at det meste også av kystvaktskipsbygginga vil gå til utanlandske verft på grunn av handelsavtalar som regjeringa er ivrig tilhengar av...

Eg vil prøve å utfordre UD på å gi ein kommentar til dette, sjølv om det er svært lite sannsynleg at dei eventuelt vil vere med på å kle av resten av regjeringa i denne saka..

Les brevet til UD her.

No comments:

Post a Comment